Kjærleik gjer klok – Då Halldis møtte Tarjei

Sist sommar, i juni 2016, opna vi i familien «Diktarheimen Midtbø». Heimen til Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas vart med det gjord tilgjengeleg for publikum. Det var stor interesse og stor stas for oss å vise folk rundt.

Det er ei glede å få dele eit lite stykke av soga til besteforeldra mine med lesarane av 55pluss. Dette er forteljinga om då den unge poeten Halldis Moren møtte den litt eldre forfattaren Tarjei Vesaas.

 Ung song

Eg trur at det ein stad, langt burte eller nær, maa vera eit hjarta som svingar og slær i takt med mitt og kjenner glede eller suter just i same stund som eg. Dette skreiv Tarjei Vesaas i ei novelle som stod i det nynorske vekebladet  For bygd og by i 1922. Den unge forfattaren håpa og trudde – men det skulle gå mange år før han fann kjærleiken.

På ein annan kant av landet skreiv ei ung Halldis Moren også om romantisk lengt i sine notat, men hylla like mykje livet og ungdommen: Er eg ikkje herleg ung, er eg ikkje nokså pen, er eg ikkje utrusta med rike herlege gåver  – har eg ikkje alle vilkår for å leve eit rikt og fullt liv?

Haldis Moren Vesaas
Foto: Privat

Halldis hadde pågangsmot, sjølvkjensle og eit sterkt anlegg for livsglede. Desse grunndraga heldt ho fast på heile det lange livet sitt. I dikta gir ho uttrykk for denne rike livskjensla, dikt som har blitt klassikarar i den norske lyrikken.

Ungjenta frå Trysil kom frå ein på alle måtar rik bakgrunn. Faren heitte Sven Moren og var ein kjend forfattar og folketalar. Mora var Gudrid Breie, ei klok og ressurssterk storbondedotter frå Hallingdal. Denne gode ballasten var god å ha med då ho alt som 22-åring møtte verda med dikta sine. Harpe og dolk var banebrytande i tematikk og motivval. Samlinga vekte oppsikt og hausta applaus. At ei så ung kvinne skreiv openhjartige og dristige dikt om sterke kjensler, og attpåtil dikt om «kvinneting» som menstruasjon, gjorde Halldis Moren til pioner. Det hende ho møtte forstokka haldningar i samtida. Hovudkonsulenten på Aschehoug forlag, den kjende forfattaren Vilhelm Krag, skal ha sagt då ei håpefull Halldis møtte på hans kontor for å få domen over dikta ho hadde sendt inn: «Skaff Dem heller en kjæreste i stedet for å drive på med slikt tull!»

At det skulle vere nokon motsetnad her, må ha vore ein framand tanke for Halldis. Det var jo nettopp kjærleiken som ofte inspirerte til dikt.

Gunnar Larsen i Dagbladet var meir positiv i meldinga av samlinga, men skreiv også: «Det er nå engang et særsyn at damer driver det til meir enn sarte frøkenpipp på versets område.»

Inngangsdiktet varslar at dette er dikt med ein sterkare klang. I «Min unge sang» går dei fire første og dei fire siste linene slik:

Du tonar gjennom svevnen
Du vekkjer meg glad kvart gry,
Du følgjer meg trutt all dagen
og kling frå kvart soleglads-sky.

(…)

Min helhest, min himmelstige
og meininga med min gang,
eg andar og lever i deg
eg er deg, min unge sang.    

Ein som godt la merke til den unge, vitale poeten var ein kar frå Vinje som sjølv hadde debutert eit par år før – Tarjei Vesaas. Han skreiv eit openhjartig fan-brev til henne:

«De er så uredd og varm. Ein kar sit les og blir underleg til mote. (…) Eg vart heilt hugteken av Dykkar unge song.»

Å få eit slikt brev frå akkurat han, må ha gleda Halldis spesielt. Ho hadde nemleg dyrka bøkene hans sidan ho var 17 år. Den andre romanen hans, Sendemann Huskuld, bruka Halldis  ein periode å lese høgt og sitere frå til alle rundt seg.

To roser

To halvopne, kviskrande munnar
som lovar så halvt om halvt
at enno er inkje til endes
enno kan hende meg alt

heiter det i diktet «To roser», også frå debutsamlinga.

Halldis har mange kjærleiksopplevingar i ungdomsåra, ho er omsverma og ofte forelska. Ei stund svermar ho for sambygdingen Einar Skjæraasen, og tar det tungt då han finn ei anna. Men – enno «kan alle ting skje».

Sunnfjordingen Jakob Sande debuterte same året som henne, og dei nytende landsmålstjernene møtest første gongen i Bondeungdomslaget der dei les frå samlingane sine. Halldis har reist forventingsfull, oppstasa og nyfrisert inn til Oslo. Kvelden blir ein suksess. Jakob og Halldis gjer stor lukke hos publikum og inntrykk på kvarandre. Alt dagen etter treffest dei att, og då – skriv Halldis – «fanst det berre vers til i verda». Ho er fascinert av dikta hans – og av han. Dei er stadig å sjå saman i hovudstaden. Folk byrjar å betrakte dei som eit par. Det må då høve godt, to jamgamle lyriske sinn, begge frå bygda og landsmålsdiktarar. Sjølve forsikrar dei at dei ikkje er forelska, berre gode vener. Halldis ser på Jakob meir som ein bror, han svarar ikkje heilt til den draumen ho ber på om korleis ein verkeleg poet skal vera. Jakob er på si side meir og meir glødande vendt mot henne. Heile 16 brev skriv han til henne, mange av dei til Sveits der Halldis bur i åra 1930 til 1933. Breva frå Halldis – venteleg ikkje så mange – omtalar Jakob som «balsam for sjela».

Hausten 1931 er Halldis heime for å feire 60-årsdagen til far sin, og ho treffer Jakob i Oslo. Frå breva hans anar ho i kva lei det ber: Ein kveld i byrjinga av november går dei opp på hybelen hans, der ventar vin og mat, vakre blomar har han også. Stemninga er på ny slik den var på sitt beste mellom dei, med dikt og felespeling og song. Jakob frir. Han legg hovudet i fanget hennar og dei kysser kvarandre.

Halldis seier ho må tenkje på det. I dagboka skriv ho at ho ikkje er vidare forelska. Men – skriv den bråvaksne 24-åringen – ho har ikkje lenger illusjonar når det gjeld kjærleiken, og tenkjer at dei nok kan bli eit bra par. «Dumma», kommenterer ho seg sjølv mange år etterpå.

Dagen etter Jakobs frieri går Halldis innom forlaget sitt, Aschehoug, der ho no har gitt ut to diktsamlingar. Tilfeldigvis støyter ho på forfattaren Mikkjel Fønhus, som litt seinare ringer henne og spør om ho vil kome bort på Bondeheimen for å treffe han – og Tarjei Vesaas. Det vil ho sjølvsagt svært gjerne. Ho blir forsinka og kjem ein halv time etter avtalt tid, og Fønhus er då reist. Men Tarjei Vesaas kjem gåande mot henne når ho stig inn i korridoren på hotellet. Ho fortel sjølv:

«(…) hadde sett for meg ein stutt-vaksen kraftig kar, tverraksla, med snau skolt. Skolten stemte, elles var han heilt annleis å sjå til enn eg hadde trudd. Høg, slank, ledig. Litt brydd (…) Men blid, smilande frå øre til øre med ein fin sterk tanngard.»

Dei går og et på Theatercafeen, Tarjei spanderer. Ho synest han et lite. Han innrømmer at han kjem rett frå middagen på Bondeheimen, men så gjerne ville spandere middag på henne. Sigarettar kjøper han også, byr henne og tar eit par små drag sjølv før han stumpar røyken. Han røyker slett ikkje til vanleg, seier han.

Alt var altså berre for henne! Klart ho blir sjarmert av ein slik kavaler. Kanskje finst kjærleiken likevel?

Han på si side skriv om dette møtet at då dei sat der saman i restauranten «var det alt hendt meg noko.» Men han noterer også noko han ikkje likar ved henne: sminke og smykke. «Du kom inn til meg på Gjestestova med ROUGE på lippone».

I desse første inntrykka kjem særtrekk til syne som skulle bli bestemmande for relasjonen deira: Tiltrekking, djup respekt og ei dirrande streng av samkjensle. Men også stor ulikskap i smak, vanar, temperament og levemåte.

Seinare den kvelden skal Halldis i teater saman med Jakob som trur og vil at det skal vere dei to. Ho seier at ho tviler sterkt på om det kan bli noko samliv mellom dei. Like etter skriv ho eit langt brev der ho seier rett ut at ho har møtt ein annan mann. Jakob, dramatisk som alltid, brenn brevet, og vil framleis ha henne. Til slutt drar han til sjøs med kjærleikssorga si, men det tar lang tid før han gløymer Halldis.

«Alt er berre tøys og tull. Utan du (…)» skriv han til henne frå Buenos Aires over eitt år seinare.

Halldis har valt. Dagen etter at ho møtte Tarjei for første gong, går ho tur med han i Slottsparken. Stemninga er romantisk og lys. Det er nesten som om det skulle vere tidleg om våren, tykkjer ho, der dei går i ein novembergrå park og siterer lange remser av Olaf Bull-dikt i munnen på kvarandre: «Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast».

Han følgjer henne opp på hotellrommet etterpå. Litt uventa kjem Mikkjel Fønhus innom. Då sit dei pynteleg kvar for seg i sofaen. Noko har likevel skjedd mellom dei, det kjenner dei båe.

At det nettopp vart Mikkjel Fønhus som førte Halldis og Tarjei saman er elles ganske merkeleg, eit paradoks. Mikkjel, som var ein ven av Tarjei, hadde fleire gonger snakka om at ein diktar ikkje måtte binde seg, det ville kome i vegen for diktinga. No åtvara han mot Halldis:

«Vår Herre skal vite at hun er en gløgg jente, men hun er ikke så saktmodig og blid som hun ser ut til, og gir inntrykk av.

 

Innbying

 Vil du gje meg handa under månens skin
lauv du er ˗

heiter det i Tarjeis dikt frå samlinga Løynde eldars land

Tarjei Vesaas
Foto: Privat

Tarjei let seg ikkje skremme. Berre nokre få timar har dei saman i Oslo desse novemberdagane i 1931, men det er nok til at han i breva etterpå gir uttrykk for varme kjensler. Likevel – kanskje påverka av Fønhus sine åtvaringar – er han i tvil om dei bør slå seg saman for alvor. Han skriv:

«Kjære Halldis, du har eit kostbart talent å ta vare på, vil du blir ein stor lyrikar so vent, vent med å smi deg fast – det seier eg som sit her og lengtar etter deg.»

Ho på si side svara like sikkert: «Og aldri vil eg gifte meg, trur eg.»
Så den saka var grei.

Men alt våren etter får Tarjei eit reisestipend, og veit straks kva han skal bruke pengane til. I ettertid sa han at av alle dei stipenda han fekk – og det var mange – var dette det han nytta best: Til friarferd.

Ein varm kveld i juli møter Halldis han på stasjonen i Vevey. Det første dei gjer er å «drikke dus», i sjampanje på ein fin restaurant. I breva har dei for lengst lagt «De»-forma til sides. Ho får i gåve ei samling dikt i utval av – sjølvsagt – Olaf Bull. Tarjei blir eit par veker i Sveits og ventar på at Halldis skal få fri frå arbeidet. I august reiser dei til Bretagne, til ein liten landsby med hav på tre kantar. Dagane der vart seinare omtala med eit sitat av Rudolf Nilsen: «Vår korte, store sommer».

Året etter kjem Halldis med nok ei diktsamling, Strender. Diktet «Bølgje» sluttar med desse orda:

Enn smakar det hav av oss vi som vart kysst
og vogga og femnt av det gårsdagen lang
˗ du er som det når du tek med i fang,
bølgje det er du, mot munn og bryst.
Druknar du meg? Nei, alt godt du veit av
vil du meg, våg frå det vide hav!

 Den korte sommaren er så altfor kort, og snart drar dei på ny kvar til sitt. Først til jul treffest dei att, no for å feire jul saman i Roma. Korleis han – spent og forelska – går og ventar på henne, har han skildra i diktet «Kveld i Verona»:

Eit tog i natta. Spend eg står og lyer,
som at ei sakte, sakte kalling kom:
Ei gjente kjem ved midnatt til Verona,
˗ for vi skal halde jul i lag i Rom.

Etter dette reknar dei seg for å vere trulova, desse to som aldri skulle gifte seg. Halldis græt mot Tarjeis bryst den siste natta, det er vondt å skiljast. Ein grå morgon på stasjon Termini i Roma den 2. januar 1933 reiser dei nok ein gong kvar til sitt. Det nye året må bli eit år med klargjering, det kjenner dei båe. 

Bryllaup – på trass?

Aller mest vart det eit år med venting. Først i desember treffest dei på ny, no endeleg i Noreg. Saman reiser dei frå Oslo og opp til Vinje, så ho skal få treffe folket hans. Reisa tar ein heil dag – med tog, båt, buss, hest og slede. I Vinje stansar bussen ved vegen nedanfor Vesås, heimplassen til Tarjei. Der står broren Aanond med den blakke merra som skal ta dei med opp bakkane til garden – gjennom «snø og granskog».

Slik fortel Halldis om dette i memoarboka  I Midtbøs bakkar:

Omsider glimta eit einsleg lys fram høgt oppe på ein bakketopp. Vi var framme. Vi steig inn i ei stor gammal stoge. Digert tømmer i veggene, lys frå dimme elektriske pærer over kubbestolar og langbord, veggfaste skåp og senger. Det lysaste der inne var ho som var mor i huset. Ho kom mot oss, lit lutt, med kvitt hår, fint raud og kvit i andletet. Ho smilte, ein vakker smil: De må vera velkomne. Ein kjende at ein var det, slik ho sa det.

Dagen etter gjekk dei ein mil på spreke unge bein gjennom snøen ned til Midtbø, garden som Tarjei hadde kjøpt av onkelen sin eit par år tidlegare og som skulle bli heimen deira. Dette møtet gjekk ikkje fullt så bra. Verken Tarjei eller onkelen hadde budd der i mellomtida, og romma i huset var iskalde og tomme, den store stoga mørk og innrøykt, med eit ruskete preg.

Dei set seg framom omnen og drikk te. Halldis trur ho skjuler kor skuffa ho er. Men Tarjei sansar det: Etter at ho har reist, prøver han å finne ein kjøpar til Midtbø, han vil kvitte seg med heile stasen.

Kan det bli noko framtid for dei to, så ulike som dei er? Tvilen slår inn for fullt. Dei kjenner i grunnen kvarandre lite, har berre vore saman nokre hektiske veker, stormforelska og i framande land. Norsk Midtbø-kvardag er noko anna. Det vil nok bli eit spørsmål om å jenke seg, reflekterer Halldis. Dei er ulike i så mangt, berre det at den eine er A-menneske og den andre B, for eksempel.

Men trekkje seg no? Utenkeleg.

Fire månader etter dette første besøket i Vinje, den 12. april 1934, blir det bryllaup – heime på Mora i Trysil. Ikkje noko stort kyrkje-bryllaup, brureparet vil vere moderne og har ei enkel viing på prestekontoret og berre 12 til bords. Alt dagen etter ber det rett til Midtbø for å starte det nye livet. I alle fall nesten, dei er innom Oslo på vegen. Halldis er forkjøla og orkar ikkje fylgje med på opplesinga Tarjei skal ha – no er det hans tur i Bondeungdomslaget. Seinare på kvelden kjem ein annan invitasjon, og då blir ho med – på fest. Ektemannen er ikkje blid når dei møtest utpå natta. Og brura – angra ho etterpå? Ja, kanskje litt – men, ho skriv:

Oppførselen var i samsvar med eit prinsipp som ein slett ikkje hadde tenkt å fire på: fordi om ein no var gift, skulle ein halde fram med å vere ein sjølvstendig person, ikkje berre eit vedheng til mannen sin.

Aldri om ho ville la «alt sitt flyte inn i hans», som einkvan skal ha foreslått no som ho var gift. Nei takk, ho skulle halde på med sitt! Det gjorde ho til gagns – men det er ei anna historie.

Halldis og Tarjei var ulike som menneske og som diktarar. Det må ha halde hardt nokre gonger, når den andre var som «eit ukjent land», slik ho skriv i diktet «Lyset».

Likevel levde dei saman i djup respekt for og kjærleik til kvarandre i 36 år, til han døydde i 1970. Kjærleiken er lykta som viser veg, og diktet sluttar slik:

Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind
Kjærleik gjer klok.

Midtbø, Vinje i Telemark i 1940. På trappen på gården sitter forfatter ekteparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.
Foto: NTB / SCANPIX

 

 

Relaterte innlegg

Legg igjen en kommentar